Om oss:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjærleik er kjærleik.

Å elske den ein vil er ein menneskerett. Eit menneske har rett til å vere den ein er og elske den ein vil, utan å bli utsette for noko diskriminering. Mange stader i Europa har framleis ikkje lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LHBT) rett til å elske den dei elskar. Difor er det viktig å ha arrangement som Storapride.

 

Me visar verda at det er lov å vere den ein er, det er ein rett alle har. Samstundes hyllar ein kjærleiken. Storapride feirar at kjærleik er kjærleik og skipar til eit årleg pride arrangement. Me ynskjer å setje fokus på at alle menneske har rett til å elska den dei elskar, uavhengig av kjønn, etnisitet og religion. Kjærleik er kjærleik.

Historie

Storapride vart arrangert for fyrste gong i 2018. Då var det fem ungdommar som skipa til pride-parade. Dei hadde inga aning om kor mange som skulle komme og vart svært positivt overraska då heile 4000 menneske var med i paraden. Arrangementet skapa eit stort engasjement hos lokalbefolkninga på Stord. Fleire organisasjonar tilslutta seg arrangementet. Det blei stor mobilisering på tvers av generasjonar og ein overveldande tilslutnad til bodskapet «kjærleik er kjærleik.

 

Det heile var ein suksess. Difor blei Storapride skipa som ein organisasjon i mars 2019. Me har eit ønske om å gjenta dette som ein årleg hending. Me vil feira kjærleiken, retten å vere den ein er og elske den ein elskar.

© 2019 Storapride. Laga med Wix.com