BLI MEDLEM

Storapride er ein frittståande medlemsorganisasjon med eit ynskje om å skape eit lokalsamfunn kvar alle legningar og kjønn skal verta inkludert og respektert. Målet vårt er å arrangere ein årleg prideparade for å feire mangfaldet i regionen vår. Det er viktig for organisasjonen å ha eit lokalt arrangement kvar me viser at det er lov å vere den du er, sjølv utanfor dei store byane.

 

KORLEIS BLIR EG MEDLEM?

Som enskildmedlem melder du deg inn via Vipps. Alt du treng å gjere er å søkje opp "Storapride" på Vipps under kategorien "kjøp og betal". 

Om verksamda eller organisasjonen din vil bli medlem så sender du ein e-post til post@storapride.no. Deretter får du ein faktura. 

KOR MYKJE KOSTAR DET?
For einskildmedlemmar kostar det 50 kroner i året, og for verksemder/organisasjonar kostar det minst 300 kroner i året. Du kan velje å betale meir. 


KVA GÅR MEDLEMSPENGANE MINE TIL? 
Medlemspengane dine går til finansieringa av arrangementet. På den måten kan du støtte gjennomføringa av ein årleg parade!

KVA VIL DET SEIE Å VERE MEDLEM?

Som medlem får du høve til å delta på årsmøtet til Storapride. Der kan du stille til verv, og vere med å bestemme korleis det komande arrangementet skal vere.

Verksemder og organisasjonar får ein utsending kvar på årsmøtet. Desse utsendingane kan stilla til verv.

KVA OM EG VIL MELDE MEG UT?

Dersom du ikkje lenger ynskjer å vere medlem, kan du melde deg ut ved å sende ein mail til: post@storapride.no

© 2019 Storapride. Laga med Wix.com